Quantcast
Channel: Kultur – NyttiOs.no
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1786

No kan unge bjørnafjordingar søke

$
0
0
Illustrasjonsfoto: Jan Petter Svendal

Kommunen deler ut to kulturstipend, kvart på 20 000 kroner.

Følg NyttiOs.no på Facebook og få nyhetsoppdateringer!

Er du mellom 16 og 29 år og folkeregistrert i Bjørnafjorden kommune? Då kan du søke kulturstipend.

– Kommunen deler ut to kulturstipend, kvart på 20 000 kroner. Stipenda skal stimulere og inspirere til kreativitet, talentutvikling og kulturelt mangfald på heile kultur- og idrettsfeltet i Bjørnafjorden. 

Søknadsfristen er 1. april. 

Her finn du søknadsskjema og meir info!

Søkar må grunngje godt korleis stipendet kan bidra til å utvikle talent og evner på feltet. Stipend skal ikkje gå til å dekke kostnader med formell utdanning, men kan gå til opplæring og kompetanseheving.

Kommunestyret har vedteke eigne vedtekter for kulturstipenda. Sentrale punkt er:

  • Søkar må vera folkeregistrert busett i Bjørnafjorden kommune
  • Det kan søkast frå det året søkar fyller 16 år og til og med 29 år
  • Søknad skal vera personleg, det kan ikkje søkast for andre
  • Søkar kan berre få tildelt stipend ein gang
  • Søkar må i søknad fortelja kva stipendet skal nyttast til
  • Søkar må grunngje korleis stipendet kan bidra til å utvikla talent og evner på feltet
  • Søknadane blir behandla politisk i Tenesteutvalet etter innstilling frå adminstrasjonen
  • Ordførar står for sjølve utdelinga, ved eit passande høve

Viewing all articles
Browse latest Browse all 1786