Quantcast
Channel: Kultur – NyttiOs.no
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1787

Hey ho, let`s go! 

$
0
0

Storm Weather Shanty Choir kjem til Tysnesfest.


Med sine rå sjømannssongar, enorme energi og smittande speleglede, har dette ikoniske shantikoret frå Stord vunne hjarta til publikum verda over. No legg dei igjen til kai på Tysnes.

– Me veit at Tysnesfest-publikummet elskar desse karane, og det gjer me òg! Dei skapar ei stemning som får sjølv den mest sjøsjuke til å reise seg og synge med, seier festivalsjef Øystein Vaage.

Frå Stord til verda – og tilbake til Tysnes
Storm Weather Shanty Choir har vore ei leiande kraft innan shantymusikken sidan starten i 2000. Med turnéar i alt frå USA og Japan til festivalar over heile Europa, har dei bevist at sjømannssongar ikkje berre høyrer fortida til – dei lever i beste velgåande, med ei kraft som minnar om bølgene på det ope hav!

Når Haakon Vatle og mannskapet hans no vender tilbake til Tysnesfest, er det ikkje berre ein ny konsert – det er eit gjensyn med vener. Sist dei spelte der, skapte dei stormande jubel, og det er ingen tvil om at publikum er klare for ein ny runde med kraftfulle shantyar og ekte havsalt i håret.

Det er alltid ekstra stas når me kan få kortreiste artistar med internasjonalt snitt. Haakon og gjengen har teke shantymusikken frå Stord ut i verda – og no kjem dei tilbake til oss. Me gler oss til ein kveld med storm i segla og rungande allsang!» 

Shantikoret skal spela laurdag 12. juli 2025!

Tysnesfest slepp fleire artistnavn i tida framover.

Hittil er følgande artistar lansert til Tysnesfest 2025: 

Torsdag:  Stavangerkameratene, Vassendgutane

Fredag: TBA

Laurdag: Tom Jones, Storm Weather Shanti Choir, Tobias Sten, 


Viewing all articles
Browse latest Browse all 1787