Tysnesfest er ein av får arrangørar som få sette opp rockebandet unplugged.
Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs.no på Facebook!
Skambankt, rockelokomotivet frå Jæren, med sine svære gitarveggar og fresande soloar, kjem til Tysnesfest i juli. Både for å spele på arenanen og for å spele på Tysnessåto.
Etter 6 studioalbum, eit utal konsertar i inn- og utland, og 25 år med rock av den harde sorten har bandet no bestemt seg for å gje seg sjølv ei utfordring; Spela inn album og tolka seg sjølv med eit akustisk utgangspunkt.
– Det er utrulig kjekt å vera med på utfordringa, og me får som ein av svært få arrangørar i 2019 lov til å setja opp Skambankt – «Unplugged». Og ikkje nok med det. Me får kjøra konserten på Tysnessåto!
Tradisjonen med såtekonsert under Tysnesfest blei faktisk starta med rock, då Oslo Ess bergtok 650 publikummarar i 2014.
– Sidan den spede begynnelse har publikumstalet auka gradvis, og dei siste åra har det kome svimlande 2 400 publikummarar til Såto! Alt ligg til rette for at det blir folksomt til fjells i år og!
Låtane på det nye albumet (og konserten på Såto) skal brytas heilt ned for så å byggas opp igjen på ny. Frøet blei sådd for nokre år sidan på ein veldedigheitskonsert på Bryne. Her takka Skambankt for aller fyrste gong ja til å spela sine låtar med akustiske instrument. Konserten vart svært godt motteke både blant publikum og band, og dei bestemte seg same kveld for at dei måtte gjera noko meir med denne ideen.
– Dei aller fleste låtane til Skambankt blir til på ein kassegitar, så då er det ikkje heilt unaturleg at dei vil funka i ei anna drakt enn den folk er blitt vane med å høyre. Bandet er spesielt kjend for melodi, harmoni og tekst, og desse elementa kjem ekstra godt fram når arrangementa opnar seg opp og gjev plass i lydbildet.
Torsdag 11. juli speler altså Skambankt unplugged på Tysnessåta.
– Skambankt skal og spela på Gjerstad Arena fredag 12. juli, men då er dei på ingen måte «Unplugged» Då vert det rock slik berre Skambankt kan gje oss det!