Quantcast
Channel: Kultur – NyttiOs.no
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1787

Elevar skal laga idear til ein installasjon i Os gjestehavn

$
0
0

I to dagar skal elevane få inspirasjon av dei London-baserte arkitektane i Knitknot.

Jan Petter Svendal NyttiOs.no på Facebook

Sommaren 2018 poppa ein popup-park opp på parkeringsplassen ved Os gjestehamn.

Dette var første fase i popupOs, som no skal i gang med fase to.

Os kommune starta popupOs, blant anna for å  få meir kunnskap om korleis ungdom brukar Os sentrum, og korleis sentrum kan bli meir attraktivt for ungdom.

Kommande fredag og måndag vil fase to av popupOs ta til i Vognhallen.

Då kjem dei London-baserte arkitektane i Knitknot til Vognhallen  for å halde workshop saman med 38 elevar og lærarar frå Os vidaregåande skule og Fusa vidaregåande skule, pluss representantar frå kultureininga, planavdelinga, SLT-koordinator i Os kommune og prosjektleiar Eva Korsøen frå Kvalbein Korsøen arkitektur.

Saman skal desse lage idear og innhald til ein installasjon i Os gjestehamn, som seinare skal realiserast.

Målet er at elevar frå bygg- og anleggsteknikklinja ved Os vidaregåande skule og elevar frå kunst, design  og arkitektur ved Fusa vidaregåande skule bygger installasjonen i samarbeid med Teknisk drift i Os kommune.


Viewing all articles
Browse latest Browse all 1787