Vossingen Einar Midtun har trakka sine barnesko nær der Per Sivle vaks opp. Pers Sivle står blant anna bak «Den fyrste song».
Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs.no på Facebook!
«Ein norsktime», heiter foredraget Einar Midtun tek med seg til Os senioruniversitet i Oseana måndag 14. januar klokka 11-13.
Og dette er ei forelesing om Per Sivle og det han let etter seg.
Per Sivle skreiv forteljingane Fanta-Nilsog Berre ein hund, han dikta Den fyrste song og Vesle lerka ho hev det det so – og gav utskjemtfulle vossa-stubbar og den første norske arbeidarromanen, Streik.
Han skapte og den udødelege verselina: «Det er det stora, og det er det glupa, at merke det stend om mannen han stupa».
Per Sivle vart fødd i Flåm i 1857. Mora døydde då Per var to år gamal. Han vokste opp hos fosterforeldre på Stalheim. Sjukdom gjorde at han ikkje fullførde examen artium. Han livnærte seg som sjølvlært diktar og avismann. Han var i alle år plaga av hovudverk. Det einaste rådet han visste for å døyva smertene, var alkohol. I 1887 gifta han seg med Wenche von der Lippe Nilsen frå Bergen, og dei fekk gode år saman. Men etter kvart tok helseplagene og pengenauda livsgnisten frå han. Til slutt orka han ikkje å leva.
Einar Midtun(76 år) er frå Vinje på Vossestrand. Han trakka sine barnesko nært der Per Sivle voks opp. Einar Midtun har i mange år hatt oppdrag med å fortelja om Per Sivle. Han var med i Oddgeir Bruaset sitt flotte TV-program om Per Sivle.