Laurdag er dei tilbake på Os for å spela.
Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!
Under namnet RHORM har dei hatt fleire konsertar i Os, som er heimkommunen til gitarist Asle Bentzen. No heiter dei Slush, og ingrediensene på repertoaret er den samme: svingande, melodiøs festrock.
Bergensbandet Slush har tiårsjubileum og feirar med jubileumsturné i fire fylker. Laurdag 5. mai er dei klar for å spela på Hannes konditori og musikkbar.
– Hannes er jo blitt den nye rockescena i Os! Vi gler oss til å spela der. Dessutan er vokalisten vår ein hund etter snitter og fyrstekake, så der kan vi fort føle oss heime, seier Bentzen.
Sist dei spela i Os var i 2015. Då opplevde dei noko dei ikkje hadde vore borti før.
– Ut på kvelden då det verkeleg byrja å bli god stemning, vart det plutselig tynt med folk i lokalet. Etterpå fann vi ut at dei var gått tom for drikkevarer i baren, seier Bentzen.
– Slike krefter er det ikkje lett å kjempe imot, men vi litar på at Hannes har baren på plass.
Og bandet lovar full trøkk.
– For vår del lovar vi at vi svinger like godt som alltid, og vi håpar dei samme folka tar med seg alle venene sine og kjem og høyrer på oss på laurdag, seier gitaristen.