Når artistane Henrik og Emma Noor spiller opp i foajéen i Osbadet, vert det og mulig å vinna billettar til Oseana-konsert.
Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!
I vår tok Osbadet med seg hinderløypa si ned til Oseana. No kjem Oseana til Osbadet.
Laurdag 30. September kan du nemleg oppleva artistane Henrik og Emma Noor i foajéen i Osbadet, når Oseana «låner» dei ut frå haustprogrammet sitt. Dei stiller med gratis minikonsert kor dei syng tre songar, før dei held full konsert i Oseana seinare på kvelden.
– Vi synes det er kjekt å samarbeide med Oseana, seier marknadsansvarleg ved Osbadet, Jon Sivert Rykkel i ein pressemelding. Det var ei artig og fin oppleving med hinderløpya i sommar, og no blir det rett og slett gøy med artistar og musikk i foajeen vår -noko heilt anna enn det me har til vanleg, seier han entusiastisk.
– På Oseana synes vi det er viktig å ha eit samarbeid med andre aktørar i kommunen, seier Marknads- og kommunikasjonsansvarleg ved Oseana, Veronica S. Halhjem. Saman kan vi skape kulturopplevingar som gjer litt ekstra til vårt felles publikum, fortset ho. Og så er det jo berre kjempegøy med Jon Sivert då, smiler ho. Han er jo berre superentusiastisk kvar gong eg nevner noke, og ideane kjem trillande!
For Rykkel har idear, difor blir det sjølvsagt andre «godisar» også i samband med minikonserten; alle som har kjøpt billett til konserten i Oseana, får halv pris på inngongbillettar til Osbadet denne laurdagen.
– Vi kjem også til å lodde ut to gratis billettar til konserten i Oseana i samband med dette, men her må publikum følgje med på Facebooksida vår, avsluttar Rykkel.
Om artistane:
Henrik og Emma Noor deltok begge i MGPjr 2015 og har heldt ei rekke konsertar over heile landet. Dei blir omtala av tidlegare arrangørar som ungdom med stort scenisk talent og sterk og ekte formidlingsevne. Dei engasjerer publikum og utviser ein profesjonalitet på nivå med vaksne artistar.
Emma Noor (14) frå Bryne begynte songkarriera som 7-åring. Ho har hatt hovudrolla i fleire store musikalar, vunne fleire musikkprisar, produsert og gjeve ut musikkvideo og delteke på MGPjr sommarturne 2016. Ho har det siste året hatt over 100 songoppdrag.
Henrik (15) frå Bærum starta si karriere i barne-TV allereie som 5-åring og har sidan fått mykje sceneerfaring. Han har hatt ei større rolle i musikalen Oliver på Oslo Nye teater, spela ei hovudrolle i den populære serien Jenter på NRK Super, og var ein av artistane under kongeparet sin 25- årsjubileumskonsert.
