Quantcast
Channel: Kultur – NyttiOs.no
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1787

Fremdeles billetter til Sivert Høyem i Oseana

$
0
0

v02_44c14b3ac075c515513f77b3b71b418b_ac_mw865_mh450_hc_vmNår en av norges beste stemmer inntar Oseana i november, burde det være fullt hus.

Sivert Høyem turnerar for tida med sin Lioness autumn tour, og fredag 11. november inntek han storstova i Oseana, som definitivt vært ein god stad å væra den kvelden. Og MERK! Det vært berre ståplassar på denne konserten.

Enkelte band og artistar når stjernehimmelen med sirkus og virak, andre let musikken og talentet vise veg. Sivert Høyem høyrer definitivt med i sistnemde kategori. Heilt sidan Madrugada spelte sine fyrste akkordar i eit øvingslokale i Stokmarknes, har songaren med eit av landets mest særeigne uttrykk lete stemma og orda vere hovudfokuset.

Madrugada jobba seg sakte men sikkert mot toppen, godt hjulpe av nokre av dei beste rockeplatene som er lydfesta her til lands. Etter at bandet vart oppløyst har Sivert bugd solokarriera si med same møysame pågangsmot. Målretta, men aldri prega av hastverk. No er han igjen ein av landets aller største artister. Høyem sitt femte soloalbum, «Lioness», er eit fabelaktig stykke musikk som openbart resonnerar hos publikum så vel som kritikarar. I vinter selde han ut Oslo Spektrum, Grieghallen i Bergen og ei heil mengde andre store konsertlokale. Det er ei bragd berre ei handfull norske artistar kan smykke seg med.

Sjølv om plata i periodar bryt med det mørke stemningsleiet Høyem har for vane å trivast i, er han framleis ein mann av natta.

Aftenposten skriv: «Som en av norsk rocks største er Høyem selvfølgelig sammenlignet med mange utenlandske herrer før, men aldri har han operert nærmere Nick Cave og hans The Bad Seeds enn her. Og det er et kompliment, når «Lioness» kan plasseres i den digitale strømmehyllen nært Caves siste opus «Push the sky away» «.

«Med ein innhaldsrik katalog å plukke låtar frå, er vi overbeviste om at Sivert Høyem kjem til å gjere Oseanasalen til ein fantastisk stad å vere når han inntek scena 11. november», melder Oseana på sine nettsider.



Viewing all articles
Browse latest Browse all 1787