
Visste du at huset har vore flytta to gonger?
Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!
Det gamle kommunehuset, der Os Frivilligsentral held til i dag, er flytta to gonger, fyrst frå Molda til Os sentrum, og deretter til Kyrkjeflaten.
Tysdag blir huset pryda med Blått skilt. Fortidsminneforeininga Bjørnafjorden lokallag og Os Frivilligsentral inviterer alle som vil til avduking av skiltet.
– Når huset nå skal få sitt blå skilt, som i kortform fortel historia om huset, er vi glade for at det er ordførar Terje Søviknes som vil stå for avdukinga som finn stad tysdag den 25.mars kl. 12 ved det gamle kommunehuset, Osøyro
Program
12.00 Velkomen ved Ingebjørg Astrup, Fortidsminneforeininga- Bjørnafjorden lokallag. Blå skilt markeringar i kommunen til no.
12.05 Os Frivilligsentral – Bruk og visjon ved Stine Kobbeltvedt
12.10 Avduking av Blått skilt ved ordførar Terje Søviknes
Avslutning med kaffi, mineralvann og frukt inne i huset
Det gamle kommunehuset – blått skilt og frivilligsentral
Det gamle kommunehuset er vårt første kommune- og tinghus, og vart flytta frå Molda til Osøyro i 1884.
Fortidsminneforeininga Bjørnafjorden lokallag har sett det som viktig at folk som bur i og som vitjar Bjørnafjorden kommune får kjennskap til nokre av bygga i kommunen, og i samarbeid med huseigarar og kultureininga i kommunen har laget tinga skilt gjennom Oslo Byes vel, og dei aktuelle bygga er tildelt blått skilt.
Blått skilt
«Blå skilt» er eit omgrep som er kjend dei fleste stader i landet. Skilta presenterer kulturhistorie i kortform, og fortel oss om ein bygning, ei historisk hending eller ein viktig person som er knytt til bygget eller staden.
I Noreg kom dei første blå skilta i Oslo på slutten av 1980-talet, og nasjonalt er det Oslo Byes Vel som har patent på skilta. Dei er følgeleg eit designprodukt som det ikkje er lov å kopiere. Føringar og prosedyre er presentert på nettstaden www.blaaskilt.no. Denne måten å informera om bygg er også eit internasjonalt konsept, og i London har ein til dømes informert om bygg og historie i om lag 150 år. Det er ei ære å bli tildelt eit blått skilt.
Les meir om kva Ingebjørg Astrup frå Fortidsminneforeininga Bjørnafjorden lokallag skriv om det historiske huset HER!