Quantcast
Channel: Kultur – NyttiOs.no
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1787

Hugs fristen 1. mars!

$
0
0
Foto: Jan Petter Svendal

Kulturmidlar er tilskot til dagleg drift av eit lag eller organisasjon.

– Målet med ordninga er å stimulere til aktivitet innan kulturområdet. Tilskot blir gitt for eitt år om gongen og følger kalenderår, melder Bjørnafjorden kommune.

Kommunen kan gi tilskot til drift innan desse områda:

  • Idrett og friluftsliv (idrettslag, skyttarlag, friluftsorganisasjonar mm)
  • Kunstnarleg utfalding (musikk, biletkunst, dans, handverk mm)
  • Generelt kulturarbeid (lokalhistorie, sosialt arbeid, fritid mm)  

Vilkår for søknaden

  • Frivillige lag og organisasjonar som er opne og ideelle kan søke om kulturmidlar. 
  • Eit lag eller ei foreining kan berre sende ein søknad.
  • Barn og unge opp til 20 år og grupper som treng særleg tilrettelegging, blir prioriterte, men lag og organisasjonar med andre målgrupper kan òg søke.
  • I søknad skal det framgå medlemstal og aktivitet i laget retta mot dei prioriterte målgruppene.
  • Utmåling av tilskot er basert på medlemstal. Beløpsstorleik må vere tilpassa søknadsmasse og budsjettramme, og kan endra seg frå år til år.
  • For å kunna søka må organisasjonen levera årsmelding og rekneskap godkjend av siste årsmøte, som vedlegg til søknad. 
  • Laga må vera registrert i Brønnøysund Frivilligregisteret

HER kan du sende søknad 


Viewing all articles
Browse latest Browse all 1787