Quantcast
Channel: Kultur – NyttiOs.no
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1787

10 år sidan sist

$
0
0
Foto: Ralph Larmann

I juli står Tom Jones (snart 85) på scena på Tysnesfest igjen.

Følg NyttiOs.no på Facebook og få nyhetsoppdateringer!

Tysnesfest ønskjer ein levande legende velkommen!

Tom Jones er ikkje berre ein artist – han er ei levande legende. Når han går på scena på Tysnesfest i sommar, blir det ein historisk kveld. Publikum kan forvente ei magisk oppleving frå ein artist som verkeleg kan kunsten å trollbinde eit heilt publikum, seier festivalsjef Øystein Vaage.

Det er 10 år sidan han sist stod på scena på Tysnes, og den konserten står framleis som eit av dei største høgdepunkta i festivalhistoria. No er han tilbake, og me veit at dette blir minst like legendarisk. Når han går på scena i juli, er han 85 år, men stemma hans er sterkare enn nokon gong. Øyeblikket han opnar munnen og fyller lufta med si kraftfulle røyst, er som å sjå musikkhistoria bli levande framfor deg.

Den walisiske superstjerna er ikkje berre ein av dei største songarane gjennom tidene – han er også i sitt livs form. Med ein karriere som strekkjer seg over seks tiår og over 100 millionar selde album, er han ein av musikkhistoria sine verkelege ikonar.

I 2025 feirar Tom Jones 60-årsjubileet for sin verdskjende hit «It’s Not Unusual», låten som gjorde han til ein internasjonal superstjerne i 1965. Sidan då har han levert tidlause klassikarar som DelilahSex Bomb og Green Green Grass of Home, i tillegg til kritikarroste utgjevingar det siste tiåret.

Ein magisk kveld ventar
Anmeldarane seier at Tom Jones syng betre enn nokon gong. «Han syng som ein gud,» skreiv avisa The Skinny etter ein av hans siste konsertar. Dei nyaste albuma hans har fått strålande kritikkar, og i 2021 vart han den eldste artisten nokon gong til å toppe UK Albums Chart med ny musikk.

– Å få Tom Jones til Tysnesfest er eit stort høgdepunkt for oss. Han har spelt på dei største scenene i verda, og no kjem han til oss. Det finst ingen som Tom Jones. Han har ei av dei mest ikoniske stemmene i musikkhistoria, og han leverer framleis eit nivå av prestasjon som få artistar kan matche, seier Vaage.

Tom Jones går på scena lørdag 12. juli 2025!


Viewing all articles
Browse latest Browse all 1787