
Tysnesfest slepp sine tre første artistar.
NyttiOs.no på Facebook og få nyhetsoppdateringer
Årets Tysnesfest baud på strålande vêr, topp stemning og publikumstal som minnar om rekordåra frå tidlegare.
– Etter suksessen med Tysnesfest 2024 er forventningane høge, men me er klare til å levera! Programmet for 2025 blir eit fyrverkeri av gode artistar, og me jobbar på spreng for å gjera neste sommar til noko heilt spesielt, seier dagleg leiar Øystein Vaage i ein pressemelding.
– Publikummet vårt er noko heilt unikt. Stemninga på Gjerstad Arena og rundt omkring på Tysnes er det som gjer festivalen til ein av sommarens store høgdepunkt.
Dei tre første
Dei første artistane til Tysnesfest 2025 er klare.
– Me er utruleg stolte over å kunne presentera dei første artistane til Tysnesfest 2025. Med Stavangerkameratane, Vassendgutane og Tobias Sten på plakaten er me sikre på at Gjerstad Arena blir fylt med festglede, allsong og uforgløymelege opplevingar.
– Stavangerkameratane og Vassendgutane er begge kjende for å skapa heilt rå stemning på scena, medan Tobias Sten representerer noko nytt og spennande. Me er stolte over å løfta fram både store namn og lokalt talent på same scene.
– Tysnesfest handlar om meir enn berre musikk – det er ein møteplass for gode vener, nye bekjentskap og minner for livet. Me gler oss til å skapa endå fleire magiske augneblink saman i 2025.
STAVANGERKAMERATANE
Med suksessrike år bak seg og over 100 millionar streams i ryggen, er Stavangerkameratane klare for å ta Noreg med storm – igjen! Kjente for energifylte liveopptredenar og allsangvenlege hits som «Bare så du vett det» og «Vil du shalala», er dette bandet garantistar for ein fantastisk konsertoppleving. Dei jobbar no med sitt fjerde album, og me gler oss til å høyre kva dei har å by på i 2025.
VASSENDGUTANE
Ingen festival utan fest, og ingen fest utan Vassendgutane! Som originalen av festcountry i Noreg leverer dei ekte glede og rå energi frå scena. Med låtar som «Ungkar med dobbelseng», «Hjortejakt» og «Granada» i bagasjen, vil stemninga stå i taket når Vassendgutane inntar Gjerstad Arena.
TOBIAS STEN
Tysnesfest er stolte over å presentere det lokale talentet Tobias Sten. Den unge countryartisten frå Stord har allereie fått merksemd for sine ekte og personlege songar. Tobias representerer ei ny generasjon innan norsk countrymusikk og er klar til å dele musikk som treff rett i hjartet.