
No skal BUA utvida utstyrsparken, og dei vil ha forslag frå brukarane på kva dei skal kjøpa inn.
BUA Bjørnafjorden har denne veka vore så heldige å ha mottatt ei raus gåve på 200 000 kroner frå Sparebankstiftelsen SR-Bank til innkjøp av friluftsutstyr.
– Vi er veldig takknemlege, og gler oss stort over å kunna utvida utstyrsparken vår. Og det vil vil veldig gjerne gjera i samspel med deg, melder BUA Bjørnafjorden.
Har du forslag – send oss ei melding, enten her på vår Facebook eller til bua.bjornafjorden@gmail.com.