
Gledar seg stort til å presentera repertoaret på konsert i Vognhallen, og dei har fått med seg ein kar som tilfører ein ny dimensjon.
Jan Petter Svendal NyttiOs.no på Facebook
Den siste veka har NyttiOs.no sin utsende møtt Jan Haaland fleire gonger, og i tillegg til å snakka om kvardagen og det som skjer i verda, har han nevnt at han er veldig klar for å spela for bygdefolket igjen, og då med RefreshMen.
– Førebuinga er i full “swing”. Og vi gler oss. Det blir konsert torsdag 9. november klokka 19.30 i Vognhallen, seier Jan Haaland.
Og det vert ein variert pakke dei vil levera.
– Konsertpakken er ganske variert med nye og gamle låtar, noko er kortreist, det meste importert – og alt er i vårt innpakningspapir.
Og denne gongen med eit nytt medlem på scena.
– Vi er spesielt glad for å ha med oss Oddgeir Bjelland denne gongen. Han tilfører ein ny dimensjon med sitt flotte fløyte- og saksofonspel, seier Jan Haaland.
Kor mange plassar vert det i Vognhallen?
– Vi skal klara og få inn 100 personar. Vi har seld ein del billettar, men vi har fleire igjen, så det er berre å sikra seg ein eller fleire billettar. Det vert heilt sikkert ein kjekk kveld, avsluttar Jan Haaland til NyttiOs.no.
Musikarane i RefreshMen til konserten i Vognhallen torsdag 9. november er:
Jan Haaland vokal og gitar
Olav Skorpen bass og vokal
Nils Midtseter trommer
Oddgeir Bjelland saksofonar og fløyte
Billettar, a kr 250, kjøper du på
Vipps til Jan Haaland tlf. 920 68 475
