Quantcast
Channel: Kultur – NyttiOs.no
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1788

– Fyrste artistsleppet til neste års festival er alltid spesielt

$
0
0
Sondre Justad på terrassen til Oseana i 2019. FOTO: Jan Petter Svendal

Det heldt på å gå galt for festivalen, men til neste år vert det Tysnesfest nummer 18 på rad.

Av: Jan Petter Svendal (NyttiOs på Facebook)

Pop prinsen Sondre Justad kjem tilbake til Tysnesfest neste år.

Han var innom Tysnesfest i 2016, då trollbandt han publikum med konsert på Tysnessåta.

 – Eg hugser godt fyrste gong han var på Tysnesfest då regn, vind og skodde nesten stoppa konserten på Tysnessåta, men heldigvis tåler både nordlendingar og vestlendingar litt ruskete forhold, så det heile blei ein utrulig rå opplevelse, seier Øystein Vaage i Tysnesfest. 

Sist han gjesta Tysnesfest, i 2018, leverte han ein strålande konsertkonsert, og når han no når endeleg er tilbake på Tysnesfest, er det berre å forventa ein forrykande konsertoppleving frå ein av dei aller beste live-artistane i Noreg. 

2024 er kanskje ein av dei siste sjansane til å oppleve Sondre Justad live på ei stund, og sjølvsagt anbefaler Tysnesfest deg sterkt å få det med deg.

– Det er utfattelig kjekt å kunna sparka i gang lanseringa av artistane til Tysnesfest 2024 med ein strålande namn som Sondre Justad! Han har ein heilt unik evne til å fanga publikum i sitt eige univers, og me veit han har ein enorm fanskare i heile Noreg, sier Øystein Vaage.

Sondre Justad er ikkje berre ein songar av rang, han er ein showmann av høg klasse. Den energien han viser frå scena er heilt unik.  

– Fyrste artistsleppet til neste års festival er alltid spesielt, men i år kjennes det ekstra godt å visa at me er klare for å dra på med den fantastiske festivalen vår for 18 år på rad, sier Vaage.

Les også: – FANTASTISK UTSIKT (Oseana)


Viewing all articles
Browse latest Browse all 1788