Quantcast
Channel: Kultur – NyttiOs.no
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1787

Sommarles i 3 månader

$
0
0

Sommarles er ein nasjonal, digital lesekampanje i regi av biblioteka, der målet er å få barn i 1.-7. klasse til å lesa mest mogleg i løpet av ferien!

Følg NyttiOs.no på Facebook og få nyhetsoppdateringer!

Frå 1. juni til og med 31. august kan alle som går (eller byrjar) i 1. til 7. klasse registrere alt dei les på Sommarles.no og få premiar på biblioteket.

Sommarles har fokus på leseglede, og målet med kampanjen er å halda lesenivået og leselysta oppe gjennom sommaren.

– For kvar bok barna les og registrerer på nettsida Sommarles.no, samlar dei poeng, og etter kvart går dei opp i level. Dette får dei digitale trofé for, og fysiske premiar som dei kan henta på biblioteket, melder Bjørnafjorden bibliotek.

Biblioteket vil kvar veke henge opp vekas kodeord ein plass i barneavdelingen i biblioteket.
 
For å bli med på Sommarles, må ein føresett oppretta brukar saman med barnet på Sommarles.no (kan få hjelp med å oppretta brukar på biblioteket).

Bjørnafjorden biblioteket har også lagt ut ein egen videosnutt der dei presenterer årets tema, viser frem premiane, og svarer på dei seks vanlegaste spørsmåla om Sommarles.


Viewing all articles
Browse latest Browse all 1787