
– Det er svært viktig at vi får ein god svarprosent.
Følg NyttiOs.no på Facebook og få oppdateringer i din feed.
Bjørnafjorden kommune samarbeider med Frivillighet Norge om ei spørreundersøking til lokalt lagsliv og vil gjerne sikre seg at alle som vil, får deltatt.
Kultureininga har fått 70.000 kroner i tilskot frå Vestland fylkeskommune til å gjennomføra kartlegginga.
– Frivillighet Norge har fått oppdraget med å stå for gjennomføringa og spørsmåla er bygd på ei standard-undersøking som er brukt i mange andre norske kommunar. Det gjer det mogleg å samanlikna oss med andre kommunar, seier kultursjef Erik Vangsnes.
Dette er ei undersøking som er gått ut til alle lag. Den gjer det mogeleg for organisasjonar å bli høyrd og å påverke rammevilkåra for frivillig arbeid i kommunen. Her får organisasjonane høve til å melde frå til kommunen om korleis de ønskjer å samarbeide med kommunen, kva for utfordringar organisasjonane møter, og kva som kan bli betre.
Undersøkinga er ei bestilling frå kommunen gjennomført av Frivillighet Norge. Kartlegginga er ein viktig del av kunnskapsgrunnlaget i arbeid med ny sektorplan for kultur i Bjørnafjorden kommune. Svarfristen er sett til 30. april.
Undersøkinga er send ut til over 300 lokale organisasjonar på e-post og svara strøymer på.
– Det er svært viktig at vi får ein god svarprosent. Etter at undersøkinga har lagt ute ei veke har vi fått respons frå vel 40 lag. I første omgang ligg undersøkinga ute til 30. april.
Målet med undersøkinga er å få ein status på både aktivitet og økonomi i lagslivet. Laga får høve til å melda tilbake kva utfordringar dei har og korleis dei samarbeider med andre, både kommune, næringsliv og andre organisasjonar. Her har lagslivet ein unik sjanse til gje både ros og ris – og gje ein statusrapport for stoda i det lokale kulturlivet.
Etter at undersøkinga er gjennomført vil Frivillighet Norge levera ein rapport som blir eit nyttig kunnskapsgrunnlag i det pågåande arbeidet med sektorplanar på fleire fagfelt, både kultur, oppvekst og helse/velferd.
Organisasjonar som ikkje har fått undersøkinga i hende, kan kontakte Frivillhet Norge, e-post: brita@frivillighetnorge.no og få den tilsend på ny.
Dei som har andre spørsmål til kartlegginga kan ta kontakt med kultursjef Erik Vangsnes i Bjørnafjorden kommune..