
Midlane skal stimulere til gjenopptaking av kultur- og idrettsaktivitet i fylket etter koronapandemien.
Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!
Søk om tilskot til å stimulere til gjenopptaking av kultur- og idrettsaktivitet i fylket etter koronapandemien. Søknadsfrist er 11. oktober kl. 15.00.
Vestland fylkeskommune lyser ut ekstraordinære midlar i ei tilskotsordning som skal stimulere til gjenopptaking av kultur- og idrettsaktivitet i fylket. Det er til saman sett av 9 300 000 kroner til denne ordninga.
Pengane skal fordelast mellom desse områda:
- idrett og friluftsliv
- frivillig kulturliv
- profesjonelt kulturliv
Støtta skal hovudsakleg gå til eller gjennom verksemder og organisasjonar med regionale nedslagsfelt og verkeområde.
Føremål med ordninga
Hovudmålet er å gjenopprette og stimulere til vidare aktivitet innan både det profesjonelle og det frivillige kunst-, kultur- og idrettsfeltet i Vestland etter koronapandemien.
Kven kan søke
- Ordninga gjeld for aktørar innan det det frivillige kultur- og idrettsfeltet og det profesjonelle kunst- og kulturfeltet i Vestland.
- Søkjarane må vere offentlege eller private organisasjonar, verksemder eller institusjonar.
- Søkjarane må ha organisasjonsnummer.
- Organisasjonar eller institusjonar som har fått driftsstøtte frå Vestland fylkeskommune vil verte prioriterte, men andre kan også søkje støtte om tiltaket har tilstrekkeleg regional verdi.