– Vil vi invitere fylke, kommune, næringsliv og reiseliv for å få innspel og idéar om korleis vi kan utvikle Oselvarverkstaden.
Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!
Oselvarverkstaden har levert fire færingar i 2020, og passerte båt nummer hundre. Båt nummer 101 var dessutan ein firborda-færing, robåt på 10 al, båten gjekk til Askøy kystlag.
– Vi har hatt nedgang i etterspørsel det siste året, nokre interesserte syns det er for lang leveringstid og har difor ikkje bestilt båt. Ved årsskifte, 2020/2021 har vi tre båtar i produksjon og to i bestilling. Det betyr at vi har arbeid med nybygg fram til hausten 2021. Vi vil ta inn nokre fleire reparasjonar i året som kjem, skriv Langeland i årsmeldinga.
Oselvarverkstaden hadde i fjor to lærlingar, som begge tok fagbrevet. Ein ny lærling frå Danmark starta på læretida 1. september i fjor, og den andre startar 1. august i år.
– Lærlingane gjer oss utfordringar i høve til økonomi og plass, men vi ser at dette arbeidet er viktig for både verkstaden og arbeidsmiljøet.
Les også: Oselvarverkstaden ønsker å utvide
Oselvarverkstaden, og kulturarven som verkstaden held i hevd, er viktig for Bjørnafjorden og Vestlandet. Arbeidet som er lagt ned på verkstaden i snart 23 år, har gjeve Oselvarverkstaden ein unik posisjon nasjonalt.
– Det er no på tide å ta eit steg vidare i utviklinga av Oselvarverkstaden, men dette krev grundig førearbeid og eit gjennomtenkt konsept. I 2020 brukte vi mykje tid på å leggje planar for “Nye Oselvarverkstaden”. Vi hadde ett tett og godt samarbeid med “Norges Vel” og inviterte til “workshop” på Oseana. Arrangementet vart diverre avlyst grunna pandemien, men vi gjer ikkje opp.
Så snart samfunnet opnar opp, vil verkstaden prøve å gjennomføra workshopen.
– På den planlagde samlinga vil vi invitere representantar frå fylke, kommune, næringsliv og reiseliv for å få innspel og idéar om korleis vi kan utvikle Oselvarverkstaden og området rundt verkstaden dei neste åra. Det er ikkje lett for oss aleine å leggje planar for framtida. Vi er fullstendig avhengig av at fylket og kommunen kjem på banen, uansett om ein tenkjer på ombygging og/eller utviding, men dette lar seg ikkje gjennomføre utan at politikarane set av økonomiske midlar.
Oselvarverkstaden har eit nasjonalt og internasjonalt potensiale som i dag ikkje vert utnytta.
– Dette kan skyldast at vi nyttar lite midlar til marknadsføring. Oselvarverkstaden treng kanskje og eit nytt og profesjonelt blikk på eigen profil og korleis verkstaden marknadsførast i dag, kontra korleis dette kan løysast i framtida og vi må kanskje tenkje ut nye digitale løysingar for å nå ut til publikum. Oselvarverkstaden satser på bli ein enda meir sentral og aktiv deltakar i det nordiske tradisjonsbåt-miljøet. Samarbeidet med Universitetet i Tromsø er berre eit eksempel på dette og kva vi kan få til i framtida