
I helga vann han den norske Grand Prix finalen, i juli avsluttar Tix laurdagen på Tysnesfest.
Få nyhetsoppdateringer fra NyttiOs på Facebook!
I fjor vart Tysnesfest og mange andre festivalar avlyst grunna Covid-19.
I år satsar Tysnesfest (7-11 juli) og mange andre festivalar på at dei skal få gjennomføra festival.
Og Tysnesfest satsar på mange av dei navna som var klar til fjorårets festival, og det betyr at vinnaren av den norske Grand Prix-finalen kjem til Tysnes og avsluttar det heile
TIX har bana veg for ein heilt ny musikksjanger som blir meir og meir annerkjent.
– Han var fyrste artisten me lanserte til Tysnesfest 2020, og det er svært kjekt å kunna fortelja at han har ombooka kalenderen sin til å matcha vår og du kan oppleva han på Tysnesfest 2021, melder Tysnesfest.
Andreas valgte artistnamnet TIX fordi han har diagnosen Tourettes Syndrom. Som han sjølv seier:
– TIX ble kallenavnet mitt på ungdomsskolen fordi folk la merke til ticsene mine. Jeg tok eierskap over navnet og brukte det som artistnavn.
TIX er mannen bak superhits som «Sweet but psycho» (Ava Max) og «Game Time» (Flo Rida) i tillegg til alle hitsa han speler sjølv.
Han spelar opp som siste artist ut laurdag 10. juli.
I tillegg kjem artistar som Village People, Bjørn Eidsvåg, Stavangerkameratene, Staysman&Lazz, Hellbillies, Kapteinen, Highasakite, Vidar Villa, Hjerteslag, car.pool og Vinskvetten.